Dokumentar

Kirkeasylantane på Senja / LYTT NÅ

todayDecember 7, 2021

Background

Kirkeasylantane på Senja: Sju år i isolasjon.

For sju åra tok familien Collin eit skjebnessvangert val. Natt til 18. september tek dei seg inn i kyrkja på Finnsnes, med vissheit om at dei ikkje kan gå ut att. Etter to avslag på asylsøknaden og forsøk på å bli sendt ut av landet, meinte dei dette var einaste val. Sju år etter har lite endra seg. Svaret frå staten er endeleg, familien har ingen krav frå beskyttelse.

Denne radioserien fokuserer på Dilani Collin, som no er 33 år, og har tapt heile sin ungdom. Ho har ikkje tatt utdanning, fått henge med venner, gått på fest, funne seg kjæreste eller fått familie. Vil ho også tape livet som vaksen?

I denne todelte serien, kjem vi nærare inn på korleis det er å vere i kyrkjeasyl på ubestemt tid, om prosessen i UNE, og om tapte håp og draumar. Del ein handlar om Dilani og livet i isolasjon, og ein tapt ungdom. Del to handlar om prosessen i UNE. Det er ord mot ord, og ingen ser ut til å rikke seg. Familien har trossa eit lovleg fatta vedtak om å reise ut av Noreg. Dei valte sjølv å gå inn i kyrkja. Samtidig er dei sikre på at dei ikkje har noko val. Blir dei sendt tilbake fryktar dei at dei blir fengsla, torturert, og i verste fall drept.

Vilde Lied er 25 år gammal, frå Liabygda på Indre Sunnmøre. Ho har bakgrunn frå solidaritets- og miljørørsla, og er utdanna samfunnsgeograf. Dei siste to åra har ho jobba i NRK, hovudsakleg med radio. Dette er hennar første prosjekt som radio-frilanser.

Dilani Johnson Collin er den som ber historia. Brødrene hennar var også del av LTTE. Den eldste sit no i fengsel i Sri Lanka for drapet på ein politiker, medan den yngste har fått opphald i Canada. Krigen tok slutt i 2009, då Dilani var 21 år gammal. Etter å ha sitte to månader i interneringsleir, flykta ho saman med foreldrene til Noreg.

Dilani Johnson Collin

Etter å ha budd fleire år på mottak, og fleire avslag på asylsøknaden søkte dei tilflukt i Finnsnes kyrkje på Senja i 2014. Her har ho vore saman med foreldrene sidan.

Ruth Astrid Stellmacher er sokneprest i Lenvik, og har jobba som prest i Finnsnes kyrkje i over 15 år.

Kjellrun Skoglund er med i Støttegruppa for familien Collin. I fleire år har ho jobba for å gjere saka synleg for folk og politikarar, og for å få nye opplysningar og vitne til saka, så ho på ny kan bli behandla hos UNE.
Ingun Halle er avdelingsleiar i Utlendingsnemnda.

Øyvind Fuglerud er sosialantropolog ved Historisk Museum i Oslo. Han er spesialist på Sri Lanka, og på korleis LTTE-erar han blitt behandla etter krigen.

Erik Solheim er tidlegare politikar og diplomat. Frå 1998 til 2009 jobba han dagleg med fredsmekling på Sri Lanka.

 

Lytt til begge episodene under:

  • cover play_arrow

    Programmer

  • cover play_arrow

 

PS: Artisten Moddi har også laga ei utruleg fin låt om situasjonen til Dilani. Den finn du her:

Written by: admin

Previous post

0%