Dokumentar

Tatt til fange i Guatemala

todayFebruary 6, 2023

Background

I mange år har det versert ei historie i det Latin-amerikanske miljøet i Noreg. Ei historie om eit norsk vasskraftselskap og eit mislukka forsøk på å lage vasskraft i ein urfolkslandsby i Guatemala. Ifølgje historia var to personar frå selskapet på reise til bygda for å be om å få rettane til elva. Men bygda ville ikkje ha vasskraft, og svarte med å ta nordmennene til fange, og slapp dei ikkje fri før dei lovte å aldri komme tilbake.
Samtidig var det ingen spor av historia i norsk media. Ingen visste kva selskap det gjaldt, når det hadde skjedd, eller om det faktisk hadde skjedd.

I denne radiodokumentaren får du høyre historia om då investor Martin Daun og vasskraftkonsulent Knut Tjugen blei tatt til fange i Guatemala. Det er historia om korleis norske investorar og norsk næringsliv går fram når dei skal investere i Latin-Ameria. Og om kva det kostar urfolk å verne om territoriumet sitt, mot utanlands kapital og sin eigen stat.

Dokumentaren er støtta av Fritt Ord. Musikken er laga av Ester Thunander.

Vilde Gjerde Lied er radiofrilansar. Ho har erfaring frå NRK, Klassekampen og Bergens Tidende. No studerer ho Undersøkande Journalistikk ved Universitetet i Bergen. Dette er hennar første radiodokumentar.

Lytt til dokumentaren her:

  • cover play_arrow

    Tatt til fange i Guatemala Vilde Lied

Written by: Hanne Rye Hanssen, Ansvarlig Redaktør radiOrakel

Previous post

radioshow sesong 4_radiOrakel 2023

radioshow

Radioshow sesong 4

SESONGSTART! Først ut: Hoi Polloi «Jeg ligger helt stille. Med lukkede øyne. Og planlegger mord.» «Det begynte i forrige uke. Nei, det begynte nok egentlig lenge før det. Historier som dette har ingen definert begynnelse eller slutt, de utvikler seg gradvis over tid, fra en tilsynelatende ubetydelig detalj, til noe totalt og altoppslukende. En besettelse. Et livsprosjekt. Vi får bare bryte inn et tilfeldig sted i strømmen av tid og […]

todayFebruary 1, 2023

0%