aktivisme

radiOrakel <3 Pride

todayJune 25, 2022

I lys av natta sine forferdelige hendingar i Oslo sentrum, nærare bestemt Per på Hjørnet og London, har eg i dag gått å kjent på at eg måtte seie nokon ord. Det føles ekstremt nært, eg er nok bedre på radio enn eg er skriftlig, og eg blei nødd å summe meg litt først.

Først og fremst; mine tankar, og radiOrakel sine tankar går ut til alle berørte, pårørande og råka, og til alle dei som kjenner seg litt mindre trygge i dag. Det er heilt legitimt. For no er vi her igjen. Nok en gong har uskyldige menneske blitt drepne og såra, nok en gong har nokon bestemt seg for at dei skal få velge, leike gud, at deira ideologi trumfar vår rett til å elske dei vi vil, leve slik vi vil og være dei vi er. Nok ein gong kjenner vi på hatet.

Hat er farlig. Ord skapar verda, kva du seier og korleis du oppførar deg formar realiteten. Så eg vil seie dette, som nokon som sett ytringsfriheita og demokratiet over nesten alt anna. Tenk. Tenk over korleis du formulerer deg, kva venene dine seier, kva du lærer borna dine. Alle tinga du høyrer på jobb, på gata, i sosiale situasjonar, der du tenker; dette er ikkje mitt ansvar. Eg orkar ikkje å ta denne kampen. Husk da, at nokon andre kan måtte komme til å ta den for deg. At nokon andre kan bli råka, fordi vi ikkje orkar, fordi vi er stille. Når vi burde rope.

Det er ikkje ditt ansvar aleine. Men det er vårt ansvar saman. Vårt kollektive jævla ansvar å være bedre. Å være faktiske allierte, ikkje bare med ord, men med handling. Ingen er fri, før alle er fri.

For

I dag skal vi vise frem Kjærleiken.
Vise frem kven vi er, vere stolte, finne saman, le, rope, feire, kjempe.

I dag skulle vi ha gjort akkurat det vi hadde lyst til. Gått i tog, festa, sunge, klemt og ropa.

I dag kan det kjennes som om nokon har tatt noko frå oss.
Det kan kjennes som om vi taper, når ting blir avlyst, det kan kjennest som om nokon andre vinner.

Derfor er det ekstra viktig at vi seier at i morgon, neste veke, neste år, heile tida, ALLTID, skal vi forsette kampen, og fremje kjærleiken. Gjere alt vi kan, for at alle skal få moglegheita til å leve gode, verdige liv, med dei dei vil, som dei vil, som den dei vil.

 

I kveld skal eg på fest. Eg skal feire, synge, klemme og rope. Eg har bestemt meg for at en jævel med våpen aldri får legge grunnlaget eller bestemme korleis eg kan leve livet mitt. Kva eg kan gjere. Kven eg kan gjere det med. Ikkje i dag, ikkje i morgon, ikkje neste veke. Aldri.

 

Ta vare på kvarandre. <3

 

Treng du hjelp eller nokon å snakke med?

Skeiv Verdens Helseteam: 405 65 710

Røde Kors sin hjelpetelefon: 800 333 21

Mental Helses hjelpetelefon: 116 123

 

Written by: Hanne Rye Hanssen, Ansvarlig Redaktør radiOrakel

Previous post

Uncategorized

Skeivt Opprør

Søndag 26.06.22 fra 10.00-11.00 sender vi en spesialepisode fra "Fra krise til håp". "Hvem skal bestemme over den skeive bevegelsen og hvem er den til for?Vi har snakka Bassel Anis Hatoum, leder i Skeiv Verden om kommersialisering av Pride og makten noen organisasjoner har fått til å bestemme over markeringa. I flere og flere land tar ulike skeive grupper til ordet for en mer radikal skeiv bevegelse. Et av hovedkravene […]

todayJune 25, 2022

0%