Vil DU bli ein del av verdas eldste kvinneradio?

image

 

Vi treng ein ny redaktør!
Har du lyst til å arbeide saman med engasjerte og kunnskapsrike radiovertar, journalister, dj er, teknikere, aktivistar og feministar for å lage verdens beste radio?

Vi treng ein ny redaktør, og kanskje er det deg? radiOrakel er faktisk verdas eldste kvinneradio, og blei starta i 1982, for å fremme kvinner i media. radiOrakel vil vere eit lysglimt i eit mediebilde som dessverre blir dominert av alt for mange kvite menn i dress. Dette er det viktigaste formålet med vår eksistens og arbeid. Men, vi er feminister og det er like viktig for oss å fremme transpersonar, og andre minoritetskjønn, sin rolle og posisjon i media og musikk. Bli med oss å knus sexisme, homofobi, transfobi og rasisme – gjennom LYD!
Som redaktør i radiOrakel vil du ha hovudansvaret for alt som sendast på radioen, men arbeider altså saman med redaksjonsrådet. Redaktøren er i tillegg hovudansarleg for den daglege driften, koordinering mellom styre, dagleg ledar og redaksjonsråd og innkallelse til månedlege medlemsmøtar. Redaktøren forventes å vere tilstades 2-4 dager per veke. Redaktørstillingen er honorert.
Radiorakel har sendetid på kvardagar mellom kl. 13-19, og laurdagar mellom 11-19. I tillegg har vi moglegheiter for nattsending frå kl. 23 på fredagar. På FM 99,3 frå tredjeetasje på Blitz. Vi er sjølvstyrte og uavhengige, og radioen er ein plattform der ein kan lære, samt vere kreativ og sette til liv prosjektar. Vi tilbyr også journalistkurs, programlederkurs og teknikerkurs.
Radioen har eit redaksjonsråd som arbeider saman med redaktøren i forhold til det redaksjonelle og faglege innhaldet.
radiOrakel vil vere eit springbrett for alle som sitter inne med gode idear som bør sendast ut på lufta, eller har lyst til å lære seg radioteknikk. Det er sjølvsagt ein fordel med tidlegare erfaring frå liknande stillingar viss du vil søkje om desse verva, men dette er ikkje eit krav. Vi vil sørge for god opplæring.
Høyres dette ut som en spennande jobb for deg? Eller vil du vite meir om kven vi er, eller er du interresert i å bli ein del av ein uavhengig og feministisk radio? Send epost til redaksjonsrådet på redsjef@radiorakel.no eller dagligleder@radiorakel.no så fort som mogleg.
Love yr radiO <3
Redaksjonsrådet og styret i radiOrakel

Legg inn en kommentar