Vil DU bli ein del av verdas eldste kvinneradio?

 

image
Vi treng ein ny daglig leder!
Har du lyst til å arbeide saman med engasjerte og kunnskapsrike radiovertar, journalister, dj er, teknikere, aktivistar og feministar for å lage verdens beste radio?
Vi treng ein ny dagleg ledar. Som dagleg ledar vil du arbeide saman med styret for å holde orden på radioens økonomi, søknader til medietilsynet, og betale rekningar. Dagleg ledar forventes også å vere tilstades 2 dagar i veka. Dette kan endras, avtalast nærmare i samarbeid med styre og redaksjonsråd.
radiOrakel er faktisk verdas eldste kvinneradio, og blei starta i 1982, for å fremme kvinner i media. radiOrakel vil vere eit lysglimt i eit mediebilde som dessverre blir dominert av alt for mange kvite menn i dress. Dette er det viktigaste formålet med vår eksistens og arbeid. Men, vi er feminister og det er like viktig for oss å fremme transpersonar, og andre minoritetskjønn, sin rolle og posisjon i media og musikk. Bli med oss å knus sexisme, homofobi, transfobi og rasisme – gjennom LYD!
radiOrakel vil vere eit springbrett for alle som sitter inne med gode idear som bør sendast ut på lufta, eller har lyst til å lære seg radioteknikk. Det er sjølvsagt ein fordel med tidlegare erfaring frå liknande stillingar viss du vil søkje om desse verva, men dette er ikkje eit krav. Vi vil sørge for god opplæring.
Høyres dette ut som ein spennande jobb for deg? Eller vil du vite meir om kven vi er, eller er du interresert i å bli ein del av ein uavhengig og feministisk radio? Send epost til redaksjonsrådet på redsjef@radiorakel.no eller dagligleder@radiorakel.no så fort som mogleg.
Love yr radiO <3
Redaksjonsrådet og styret i radiOrakel