Playlist Oktober – 09

  1. The xx – Crystalised (3:22): The xx er eit art school band frå London. Denne låten er henta frå debutskiva deira «xx».
  2. Thea Hjelmeland – Perfume (2:12): Thea Hjelmeland er ein up and coming norsk låtskrivar med nydeleg stemme og mange kule instrument.
  3. The Pains Of Being Pure At Heart – Higher Than The Stars (3:50): The Pains Of Being Pure At Heart slapp debutplata si tidlegare i år, men har også nett sluppe ein EP slik at publikum ikkje skal gløyme dei før andre skiva kjem. Denne låten er tittelsporet frå den nye Epen.
  4. No Age – Teen Creeps (3:25): Det kule støyrockbandet No Age spelar på Betong i oktober. Denne låten er henta frå skiva Nouns som kom ut i fjor.
  5. Ingvild Østgård – Brave And Crazy Days (2:37): Relativt urørt singer/songwriter med skeive indie referansar.
  6. Buzzcocks – Promises (2:37): The Buzzcocks spelte nyleg i Oslo i anledning Garage sitt 5-års jubileum. God gammal engelsk power-pop.
  7. Explode Into Colors – Sharpen The Knife (4:05): Kill Rock Stars band frå Portland, Oregon. Støy og beatbasert undergrunnsmusikk.
  8. Basement Jaxx – Twerk (feat. Yo Majesty) (3:30): Samarbeid mellom Basement Jaxx og Yo Majesty henta frå den nye skiva til fyrstnemnte. Hardtslåande som alltid, med fjern sampling.
  9. The Teenagers – Homecoming (3:04): Fransk synthpop band som opprinnleg starta som ein spøk. Trass i ein brutalt ærleg tekst er vel dette noko mange kan kjenne seg att i.
  10. Massive Attack – Psyche (Flash treatment) (3:46) Trip-hop bandet Massive Attack har nett give ut ny skive. Ikkje nok med det, dei kjem til Oslo 20 oktober.
  11. The Big Pink – Dominos (3:46): Elektro-rock duoen The Big Pink slapp debutskiva si «A Brief History Of Love» i september.
  12. Birte Nordahl – And Still The Caged Bird Sings (4:16): Denne låten er henta frå Epen med samme namn. Birte Nordahl er ein stemningsfull artist som kryp under huda på folk.
  1. Mark Ronson (feat. Lili Allen) – Oh My God (3:35): Mark Ronson har pussa opp Kaise Chiefs låta «Oh My God». Med på vokal er Lily Allen som skal få sitt siste skrik på rOr etter at ho har give seg som musikar.
  2. John Olav Nilsen & Gjengen – Valiumsvalsen (2:51): Denne kule låta på bergensk er henta frå debutskiva «For sant til å vere godt». Om det er for godt til å vere sant blir opp til deg å avgjere.
  3. The Pink Robots – Knife (3:40): Nok eit bergensband. The Pink Robots påstår at dei kjem frå verdsrommet for å redde verda med musikk. Synthbasert indierock.
  4. Ylijali – Black Rain (4:48): Jazzbasert svensk reggae. Sangtalentet Mari Tveito viser stålkontroll på denne låten.
  5. Mika Miko – Blues Not Speed (2:09): Kill Rock Stars band som tek Riot Girrrl tradisjonen seriøst.
  6. Siri Nilsen – Åpen Bok (2:38): Siri Nilsen har nett sluppe debutskiva si «Vi som ser i mørket». God visetradisjon på norsk med ærlege tekstar.
  7. Koppen – Ethiopian Juice (3:39): Eit av dei mange fantastiske Metronomicon Audio banda. Koppen spelte og ein kick ass konsert på radiOrakel sin åpningsfestival nyleg.
  8. Young Marble Giants– Include Me Out (2:01): Ein gammal slager som fortenar litt replay på rOr.
  9. Dominic– Inc For Bullets (4:51): Post-hardcorebandet Dominic har nyleg sluppe si nye skive på Tigerlablet Fysisk Format.
  10. Yo La Tengo – By Two’s (4:29): Denne låten er henta frå den nyaste Yo La Tengo skiva. Bandet spelar nydeleg stemningsfull musikk som vanleg.
  11. HEALTH – Die Slow (3:12): Dette elekro-rock bandet slapp nett skiva «Get Color». Snart kjem dei til Oslo på ei scene nær deg.
  12. Rebekka Karijord – Wear It Like A Crown (4:13): Dette er dama som står bak musikken til den nye Margaret Olin filmen. I tillegg til dette hadde ho også nyleg release på si eiga skive.