Playlist november -09

Simian Mobile Disco – Audacity Of Huge: Denne låten er henta frå den ferske SMD skiva Temporary Pleasure. Chris Keating frå Yeasayer er med på gjestevokal.

The Slits – Shoplifting: Månadens retrolåt. Rufsete punkrock frå slutten av 1970-talet.

Tegan And Sara – Wrists: Endeleg har den Canadiske indiepop duoen Tegan and Sara gitt ut si nye skive sainthood. Produktive som dei er har dei også nett give ut ein bokserie på tre bøker.

Basement Jaxx feat. Santigold – Saga
: Den nyaste skiva til Basement Jaxx er fullspekka med kule gjesteartistar. På denne låten har dei med Santigold

Hockey – Song Away: No som vinteren nermar seg er det fint å sjå attende til sommaren med litt deilig, bekymringslaus indierock

Telepathe – So Fine: Ekspeimentel elektronika frå Brooklyn. Duoen består av Busy Gangnes og Melissa Livaudis.

Andrew Bird – See The Enemy: Melankolsk ameikansk låtskrivar og multiinstrumentalist. Denne låten er henta frå Ep’en Fitz and The Dizzy Spells.

Charlotte Gainsbourg – IRM: Fransk skodespelar og låtskrivar. Har nyleg give ut sitt tredje studioalbum, som vert godt motteke av hipsterkompasset pitchfork.

The Raveonettes – Last Dance: Dansk mangfaldig rockduo som endeleg har give ut ny skive.

Chitty Chitty Bang Gang – Fisherman’s Warf: Osloband med skeiv sound og morosame tekstar. Live på Mono 21 november.

Sleigh Bells – Crown On The Ground: Høglytt elektronika med kul vokal og mykje støy.

Regina Spector – Eet
: Nok ein låt frå den Russisk/Amerikanske låtskrivaren Regina Spektor. Henta frå den nyaste skiva hennar, Far.

Maribel – Taste the Trash
: Eit av fleire kule shogazeband frå Oslo.

Brother Ali – Tight Rope: Amerikansk rappar og produsent med ny skive og fine tekstar.

Tamaryn – Return to Surrender: Tamaryn slepp snart nytt stoff, og medan vi ventar er dette ein låt frå den forrige Ep’en hennar.

La Roux – Tigerlily
: Vi på radiOrakel er ikkje lei av La Roux heilt endå. Her kjem nok ein låt frå debutskiva hennar.

Shrag – Long Term Monster
: Up and coming indie, post-punk frå UK.

The XX – Islands: Vakker låt frå det kritikerroste Artschool-bandet The XX.

Kråkesølv – Hell litervis med sand på timeglasset: Det viser seg at Bodø ikkje berre har eit bra hardcoremiljø. Indierocken frå Nordlandsbyen er også upåklagelig.

Karen O and the Kids – All Is Love
: Karen O. Frå Yeah Yeah Yeah’s har laga soundtracket til den nye filmen Where the Wild Things Are. Gladpop med barnekor.

Atlas Sound – Sheila: Atlas Sound er soloprosjektet til vokalisten frå Deerhunter. Denne låten er henta frå den nye skiva Logos.

JJ – Things Will Never Be The Same Again: JJ er eit mystisk indieprosjekt. Einaste informasjonen som finnast om dette prosjektet er at musikken blir gitt ut på det svenske lablet Sincerely yours.

Arms On Fire – Mouth Like A Machete: Norsk indie med punk og hardcorerøter. Har nyleg gitt ut skiva Hello Youth.

Speech Debelle feat. Micachu – Better Days: Britisk rappar aktuell med den kule skiva Speech Therapy.

Hiawata! – Valleyboys
: Oslobandet Hiawata kan hjelpe deg gjennom vinteren med glad indiepop.

Annie – Songs Remind Me of You
: Den norske elektronikadronninga Annie er ute med ny singel. Uforskamma catchy som alltid.

Line Larsen – One of You: Ein av dei seks fyrste artistane som er klargjort til by:larm 2010.

The Generous Days – We Should Know Better: Norsk power-pop med platerelease 23 november.

Cate Le Bon – Sad Sad Feet: Singer/songwriter frå Wales. Har nyleg sluppe skiva Me Oh My.

Lauren Flax feat. Sia – You’ve Changed: Dj, produsent og låtskrivar frå Detroit. You’ve Changed er ein uptempo låt med housereferansar.

1 Comment

Comments are closed.