Playlist – Mars 10

 

  1. Zoom In – PELbO (4:23):

    Fusion-trioen PELbO frå Trondheim gjorde godt inntrykk under årets by:larm. No har dei også sluppe ei sjølvtitulert debutskive, og «Zoom In» er fyrste singelen frå denne.

  2. Absolutely Anything – Brilliant Colors (2:04):

    Deilig lo-fi fuzzpop frå San Francisco gruppa Brilliant Colors. Denne låten er henta frå skiva «Introducing», som også er bandets fyrste.

  3. Helplessly Young – Oh No Ono (3:06):

    Det danske bandet Oh No Ono var eit av dei skandinaviske bandene som spelte i Oslo under by:larm. Dette bandet spelar pop med innslag av både psykedelia og episke stemningar.

  4. Candy Sin – The Megaphonic Thrift (5:56):

    Endelig er støybandet The Megaphonic Thrift klare med sitt fyrste album, «Decay Decoy». Ei herleg blanding av fuzz, støy, feite brekk og varme melodiar.

  5. Go Outside – Cults (3:22):

    Det finnast ikkje mykye informasjon om Cults sett vekk i frå at dei er ein New York duo som planlegg å gi ut ein sjutommar i desember 2012. Den drøymande poplåten «Go Outside» utmerkar seg med klokkespelriffet sitt, og kjem til å gjere seg godt på sjutommaren når den tid kjem.

  6. Warrior Song – Ingrid Olava (4:08):

    Låten «Warrior» er henta frå den ferske andreskiva til Ingrid Olava, «The Guest». Når det er sagt er det også på sin plass å gratulere Ingrid Olava med statoil/hydrostipendet for 2010.

  7. Manhattan? – Jack Dalton (3:38):

    Hardtslåande band frå Trondheim som i desse dagar turnerar landet rundt som følge av seieren i årets zoom/urørt finale.

  8. Fashionably Late – Lucy Swann (4:35):

    Oslomuskieren Lucy Swann har nyleg sluppe debutskiva si «La petit mort». «Fashionably Late» er ein av låtane derifrå.

  9. Under The Sheets – Ellie Goulding (3:44):

    Britisk elektropop frå låtskrivaren Ellie Goulding. Denne låten er henta frå debutskiva hennar «Lights».

  10.  The High Road – Broken Bells (3:52):

    Broken Bells består av James Mercer frå The Shins og Brian Burton aka. Danger Mouse. Supergruppe? Kanskje… I alle høve feit indierock.

  11.  When I’m Small – Phantogram (4:09):

    Phantogram er ein elektrorockduo frå New York beståande av Sarah Barthel og Josh Carter.

    Denne låten er henta frå skiva «Eyelid Movies».

  12.  The Height of Summer – The Knife (3:47):

    Den nye skiva til The Knife, «Tomorrow In a Year», er noko så skjeldan som musikken til ein opera basert på Darwin sin evolusjonshistorie. Resultatet vert pompøs, industriell drone-elektro. Skiva er også laga i sammarbeid med Mt. Simms og Planningtorock.

  13.  Hagerty Square – Maria Due (2:51):

    Låten «Hagerty Square» er henta frå Oslobaserte Maria Due sin albumdebut, «Kissing in Public». Deilig pop all the way.

  14.  On the Edge – Clogs (4:01):

    Clogs er biprosjektet til Bryce Dessner frå The National, og den Australske komponisten Padma Newsome. Ein særprega fusjon mellom pop og kunstmusikk frå den nye skiva «The Creatures in the Garden of Lady Walton».

  15.  Rocket – Goldfrapp (3:51):

    Fyrste singel frå det nye albumet til Goldfrapp, «Head First».

 

  1. O.N.E – Yeasayer (5:24):

    Nok ein låt frå Yeasayer si nyaste skive «Odd Blood». Brooklynindie på veg mot pophimmelen.

  2. Ultralight – Parallels (4:32):

    Synthpoptrio grunnlagt av mellom anna tidlegare Crystal Castles trommis, Cameron Findlay. Denne låten er henta frå bandets debutskive «Visionaries».

  3. Hollywood – Marina and the Diamonds (3:50):

    Kul popdame frå Wales. «Hollywood» er singel nummer to frå debutskiva «The Family Jewles».

  4. Sleeping On Sleepers – Monzano (3:35):

    Deilig indiepop frå Oslobandet Monzano si nyaste skive «By this time last year, everything will seem younger».

  5. Why Worry – Ylijali (5:18):

    Ylijali er eit rått svenskbasert reggaeband med dyktige musikarar og bra driv. Ein tur innom myspace-profilen deira er absolutt å anbefale.

  6. Starlighter – Jupiter (2:03):

    Jupiter er ein Londonbasert elektroduo, opprinneleg frå Paris. Denne låten er henta frå EP’en med samme namn, men er også gitt ut på Kitsunè.

  7. Dispirit – Kollwitz (4:30):

    Drone og hardcoreinspirert band frå bodø. Blir give ut på Fysisk Format, og spelar live på Blitz 25 mars saman med ein heil gjeng andre band ein bør få med seg. Stikk innom då vel!

  8. My Love Will Follow Me – Vivian Girls (1:54):

    Ny singel frå indierocktrioen Vivian Girls. Dette tyder forhåpentlegvis på at skive nummer tre ikkje er langt vekke.

  9. Fashion – Miss Harmonica (3:49):

    RadiOrakels tidlegare DJ, fantastiske Miss Harmonica. Denne låten vart laga til Oslo Fashion Week, og vi håpar på meir nytt musikkstoff snart.

  10.  Lise – Eplemøya Songlag (2:25):

    Eplemøya songlag utmerka seg under bylarm med si vanvittige stemmeprakt, og tradisjonelle låtar, sunge akapella i ny drakt.

  11.  Fader – The Temper Trap (3:13):

    The Temper Trap er eit deilig, fengande rockeband frå Melbourne, Australia. Låten «Fader» er henta frå EP’en med same namn.

  12.  Please Don’t (feat. Santigold) – David Byrne & Fatboy Slim (4:00):

    Kanskje eit uvanleg, men absolutt velfungerande samarbeid på låten «Please Don’t». Denne låten er henta frå konseptalbumet «Here Lies Love» som er basert på Imelda Marcos.

  13.  Let’s Go Surfing – The Drums (2:55):

    «Let’s Go Surfing» er henta frå den ferske The Drums EP’en «Summertime». Begge titlar verkar umåtleg fristande på denne tida av året.

  14.  Mild Confusion – Tamaryn (4:20):

    Kult track frå San Francisco/New York bandet Tamaryn.

  15.  Raga Rockers – En Vakker Dag (3:00):

    Fyrste singel frå Raga Rockers nye skive «Shit Happens». Det er alltid mykje spenning knytta til nyutgjevingar av slike størrelsar innanfor norsk rock, og tida vil vise om Raga framleis har kruttet.