Playlist juni – 09

  1. Marnie Stern – Clone Cycle (3:33): Denne dama vert omtala som indierockens største gitarvirtuos, og det stemmer verkeleg. Stikkorda her er herleg sound med gitartapping, progressive taktartar og energiske beats. Marnie Stern kan opplevast live på årets Roskilde festival. Eit namn som er verdt å merke seg!

 2. Bat for Lashes – Daniel (4:11): Den fyrste singelen frå Bat for Lashes sitt andrealbum, «Two Suns». Ein intens poplåt krydra med folkelement og svevande elektronika. Natasha Kahn utfører vokalen med ektefølt innleving.

 3. Planningtorock – Local Foreigner (3:12): Deilig glamelektro for hipsterkids, men passar også supert for alle andre med bra musikksmak. Britiske Janine Roston gjev oss impulsane frå Berlin.

 4. Tragedy – Under the Radar (3:13): Legendarisk amerikansk punk/hardcore. Kjent for sin harde, men melodiøse sound. Spelte nyleg for ein fullspekka skatehall.

 5. MEN – Credit Card Babie$ (5:16): Det nye bandet til JD Samson var nyleg i Oslo og spelte konsert på Revolver. Elektropunk med preformance preg som vi truleg kjem til å høyre meir av.

 6. Gallows – Vulture [act I&II] (6:02): Denne låten er eit av høgdepunkta frå den nye og kritikerroste Gallows skiva «Grey Brittain». Lydbiletet har endra seg noko frå «Orchestra of Wolves» og er som tittlen på skiva kanskje tilseier, litt meir dystert.

 7. Little Boots – New in Town (3:19): Spenstig elektropop frå Britiske Victoria Hesketh. Musikken til Little Boots var fyrst eit Youtube fenomen, noko som tydlegvis er fruktbart. «New in Town» er singelen frå hennar rykande ferske debutalbum, «Hands».

 8. The Pains of Being Pure at Heart – Come Saturday (3:17): Ein av årets størst Indiehypar frå New York. «Come Saturday» er henta frå bandets sjølvtitulerte debut LP som kom ut nyleg. Upbeat pop med My Bloody Valentine støy.

 9. Kroon & Obad feat. Anne Lise Frøkedal – Empty Sheets (3:42): Ein kan jo lure på om Anne Lise Frøkedal nokon gong berre slappar av? Det mest fasinerande er at alt ho tek i blir til gull. Her samarbeidar ho med Kroon & Obad på tittelsporet til filmen «Yatzy». Kald, men organisk elektrolåt.

 10.  Hanne Hukkelberg – Salt of the Earth (4:34): Eksperimentel skranglepop med jazzreferansar. Denne låten er henta frå den nye skiva hennar, «Blood from a stone». Det er verdt å legge merke til perkusjonen på denne låten. Gjesteartistar er nemleg det kvitevare-klaskande bandet Hurra Torpedo.

 11.  PJ Harvey & John Parish – April (4:41): Nok ein låt frå skiva «A woman A man walked by». Det er ikkje lenge sidan PJ Harvey og John Parish gjesta eit stappa Rockefeller. Den fine dynamikken og bluesinspirerte sounden deira gav ei uforgløymeleg konsertoppleving.

 12.  The Gossip – Heavy Cross (4:03): The Gossip er tilbake med ein av sine mest fengande låtar så langt. Dei serverer velkjende rytmer til Beth Ditto si kanskje endå meir velkjende stemme. I slutten av juni kjem endeleg plata!

 13.  White Rabbit – Percussion Gun (3:08): Fyrste spor på deira siste plate, «It’s Frightening» som kom ut 19. mai i år på TBD Records. Dette er fengande indierock med, som det ligg i namnet, fantastisk perkusjon!

 14.  Gaspard – Asfalt (1:58): Gaspard er eit skranglete punk/rock orkester med ein god dose sjarm og norske tekstar. RadiOrakels Elida Høeg på vokal! Bandet skal spele i Pilestredet under musikkfest.

 15.  Antony and the Johnsons – Crazy in love (4:45): Antony and the Johnsons framfører her Beyoncè sin kjende låt «Crazy In Love». Antony følger absolutt si eiga oppskrift i framføringa av denne låten. Med andre ord er det ein heilt fantastisk versjon!

 16.  Karin Park – Out of the Cage (3:57): Singelen frå Karin Park sitt ferske tredje album «Ashes to Gold». Både Ralph Myers and the Jack Herren band og Datarock har bidratt på denne låten. Det høyrer ein på sounden som her har tatt ei meir elektronisk vending.

 17.  The Shins – Split Needle (3:44): Denne låten er eit gledeleg gjennsyn frå skiva «Wincing the Night Away» frå 2007. Tung, rar og vakker popmusikk.

 

 

 1. The Vaselines – Dum Dum (1:57): Generisk Indierock frå Glagow. Ei ekte perle, også kjent for å vere favorittbandet til Kurt Cobain. Har nyleg sluppe ei deluxeutgåve av tidlegare utgive materiale.

 2. Manatee Racket – Sarah Went to Cinema (3:39): superfengande indierock frå Sandefjord. Ein smak av sommar som kan opplevast live på musikkfest. Funfact: Denne låten var med i den populære NRKserien «Himmelblå».

 3. Pica Pica – Smoke and Sound (4:16): Lo-fi indiepop frå Oslobaserte Pica Pica. Kan opplevast live på Pilestredet scena under Oslo Musikkfest. Kom, kom!

 4. Noisettes – Wild young Hearts (2:58): Soulinspirert glad og drivande rock frå London. Denne låten er tittelsporet på den nye skiva, og ein heit kandidat til årets sommarfavoritt

 5. K’naan – The Dusty Foot Philosopher (3:56): Plystrande og funky hiphop frå K’naan. Kanskje ein av dei mest spelte låtane i stua på radiOrakel den siste tida. Denne låten groovar!

 6. Lady Sovereign – Student Union (3:06): Denne låten er henta frå den nye Lady Sovereign skiva «Jigsaw». Cool rap med attitude og melodiøse elektrobeats.

 7. Accidents Never Happen – It Made Sense Yesterday (3:44): Denne låten er høgdepunktet på den nye og sjølvtitulerte skiva til Accidents Never Happen. Det Oslobaserte Artrock bandet er for tida stasjonert i Liverpool, noko som absolutt fargar sounden deira.

 8. Irma Thomas – Breakaway (2:47): Irma Thomas er ein av artistane frå 60-talet som diverre vart oversett i den store samanhengen. Med ei stemme på høgde med Aretha Franklin og Dionne Warwick er det på høg tid at ho i det minste vert heidra med ein plass på radiOrakel si playliste.

 9. Le Corbeau – Dans La Lumiere Du Crepuscule (4:56): Corbeau har nyleg sluppe si andre skive på Tigerlablet, Fysisk Format. I følge bandet sjølv skal denne skiva gjenspegle ein snøfull kveld i Montreal. I tilleg til fransk mystikk og støytepper, spelar også radiOrakels eigen Jørgen Sissyfus klarinett på denne låten.

 10.  Fitts For Fight – I Kill Time (3:42): Trass i Fitts For Fight jentene sin unge alder har dei skapt mykje blest rundt seg. Denne elektropunk duoen kan opplevast i Pilestredet på musikkfest.

 11.  Danielle – Didn’t Catch Me (3:03): Ein av dei kule damene som spelar på Pilestredet scena under musikkfest. Danielle spelar ska-inspirert punka rock med attitude.

 12.  La Casa Fantom – Kaste den første steinen (1:37): Eksperimentel tomanns hardcore frå skogen. La Casa påstår sjølve at dei har gitt drum & bass eit dårleg rykte sidan 2000. Musikkredaktøren meiner derimot at dei er det beste som nokon gong har skjedd med drum & bass sjangeren.

 13.  YTO solreiser – A1 Staying Alive (1:44): Ei musikalsk reise til fjerne strøk. YTO solreiser er eit tungt orkester med musikalske referansar frå dei fleste sjangarar. Denne låten er fyrste sporet på den nyaste skiva deira.

 14.  Metric – Help I`m alive (4:49): Singelen frå plata «Fantasies» som kom ut i år. Denne versjonen var på ein pre-order bonus CD, men kan også lastast ned frå bandet si heimeside. Musikkvideoen viser bileter frå turnèen deira i 2008 og vert beskriven av vokalist Emily Haines som «Yo Gabba on acid». Dette er ein roleg, men langt frå kjedeleg låt.

 15.  Grizzly Bear – Two Weeks (4:03): Øya aktuelle Grizzly Bear har endeleg sluppe sitt nye album «Veckatimest». Plata er oppkalt etter berre 0,0675 kvadratkilometer store Vecatimest Island utanfor Massachusetts. Grizzly Bear spelar deilig drøymepop med underliggande galskap.

 16.  Junior Senior feat. JD Samson – Can I get get get (3:13): Herleg skeiv og fengande elektropop med synthlicks og ein rappande JD Samson. Denne låten gjer det vanskeleg og sitte stille.Tips: Sjekk ut musikkvideoen på Youtube!

 17.  Emily Haines & The soft skeleton – Crowd surf off a cliff (5:56): Vakker og inderleg vokal med pianokomp. Emily Haines er kanskje best kjent frå bandet Metric.