Playlist juli – 09

 

 1. Jenny Wilson & Robyn – List of demands (2:56): To av dei uendeleg mange coole svenske damene. Her covrar dei den Amerikanske hiphop poeten Saul Williams saman. Jenny Wilson si særprega stemme passar godt med Robyn sine catchy elektroelement. Jenny Wilson kan også opplevast live på Øya.

 2. The Pink Robots – Curly (3:08): The Pink Robots er eit nytt fresht band frå Bergenstraktene. Sounden deira er inspirert av alt frå 80-talets lette og fengande synthpop til tunge rytmiske metalriff. Den gode melodien er likevel det viktigaste.

 3. Santigold Ft. Amanda Blank – I’m A Lady [Diplo Mix] (2:40): Santogold skifta plutseleg namn til Santigold. Det er uansett framleis Santi White med sin geniale miks av punkrock, elektro og hiphop beats. På denne låta er ho miksa av DJ og produsentkongen Diplo. Det aller kulaste med denne låten er vokalen til Amanda Blank, USAs desidert hottaste rapper. Oslo Live og Øya aktuelt.

 4. I Was A King – Step Aside (2:22): Det er sol og sommar, og endeleg kjem den geniale andreskiva til I Was A King til sin rett. Gladpop blanda med shoegazestøy frå eit av Noregs mest kritikerroste band hittil i 2009.

 5. The Virgins – Rich Girls (3:06): Fengande new wave-soul frå NYC. Med ei god gammaldags popoppskrift og funky basslicks gjer denne låten det umogleg å sitte stille. The Virgins spelte nyleg på Hovefestivalen.

 6. First Aid Kit – Jagadamba, You Might (3:46): At den unge svenske folk-pop duoen First Aid Kit spelar mykje festivalar om dagen er igrunn ikkje rart. Med nydlege vokalharmoniar, skranglekomp og imponerande stemmeprakt er suksessen uungåeleg. Sjekk dei ut på Øyanatt.

 7. CSS – Let’s Make Love And Listen To Death From Above [Diplo Mix] (4:16): Nok ein Diplo mix. Her har han samarbeida med det Brasilianske elektro-indie bandet Cansei de Ser Sexy. Hot tips om du vil danse vekk sommarnatta.

 8. Dirty Projectors – Canibal Resource (3:58): Ustrukturert og intelektuell art-indie. Denne låta er henta frå den etterlengta andre skiva til bandet, «Bitte Orca». Kan opplevast live på Øya noko som er ganske eksklusivt med tanke på bandets få europakonsertar denne sommaren.

 9. The Megaphonic Thrift – Exploding Eyes (4:59): Eit av dei heitaste banda frå den mykje omtala Bergensbølgja. The Megaphonic Thrift blandar eksperimentelle støygitarar med svevande vokal. Spelar på Roskilde i sommar.

 10.  St. Vincent – The Bed (3:47): Andreskiva til Annie Clark, «Actor» er eit aldri så lite kompositorisk meisterverk. Denne låten som tek utgangspunkt i singer/songwriter tradisjonen, blandar ein slepande og avbalansert vokal med eit dramatisk orkester arrangement. St. Vincent spelar live på Roskilde.

 11.  Lukestar – White Shade (3:19): Oslobandet Lukestar køyrer ein sjangerforvirra, men herleg mix av indiepop og tunge, melodiøse riff. Den særprega, kjenslelada vokalen er umogleg å ikkje legge merke til. Sjekk dei ut på Oslo Live.

 12.  Katzenjammer – To The Sea (2:27): Dei skranglete multiinstrumentalistane i Katzenjammer er eit av dei mange Norske banda som spelar på Roskilde i år. Denne låten er henta frå albumet deira «Le Pop». Har «To The Sea» noko med sommar og bading å gjere tru?

 13.  Maribel – Soothe (3:45): Maribel har blitt omtala som lyden av Oslo. I såfall er lyden av Oslo upåklageleg. Slepande støytepper med fuzzgitar og popmelodiar er stikkord her. Maribel spelar både Hove og Øya denne sommaren.

 14.  Lillith – Dance With Death (3:41): Dramatisk låt med snikande vokal, djupe strykarar og skranglete rytme.

 15.  M83 – Kim & Jesse (5:26): Fransk einmannsprosjekt som tøyer sjangergrensene. Indie, synth, shoegaze, elektro? Vanskeleg å definere men lett å like. Spelte nyleg på Hove.

 1. Chairlift – Bruises (4:02): Søt og supercatchy pop med indie og 80- tals referansar. New York trioen Chairlift egnar seg i sommarsola, noko også bookingansvarleg på Øya har oppdaga.

 2. Yeah Yeah Yeahs – Zero (4:29): Ein av dei mange kule låtane frå bandets nye skive «It’s Blitz!». Endå eit coolt NYC band med fengande sommarlåtar. Yeah Yeah Yeahs spelar på årets roskildefestival.

 3. Rye Rye & M.I.A – Bang (3:36): Elektroprega clubrap frå Baltimore. Sounden til Rye Rye er ikkje så ulik verken M.I.A eller Santigold. På denne låten samarbeidar ho også med M.I.A. Debutskiva er vistnok rett rundt hjørnet, og er spådd suksess. Spelte på Hove.

 4. I’m From Barcelona & SoKo – Gunhild (4:34): I’m From Barcelona er eit digert indiepoporkester frå Sverige som ikkje trur på minimalisme. Her samarbeidar dei med franske SoKo på ein nedstemt og vakker låt. Nok eit Roskilde band.

 5. Harrys Gym – Brother (4:07): Harrys Gym er hjartebarnet til Anne Lise Frøkedal. Sterke, melodiøse poplåtar med eit kjøleg elektronikateppe i bakgrunnen er stikkord her. Om du ikkje har fått med deg Harrys Gym live endå har du moglegheita på Øya. Grip den!

 6. Micachu & The Shapes – Calculator (3:12): Grensesprengande pop med fengande melodiar og masse overraskande element. Micachu & The Shapes er eit såkalla Myspace band, med alt det inneber. Spelar på Roskilde.

 7. Kleerup & Lykke Li – Until We Bleed (4:25): Kleerup er Sveriges fremste produsent og beatmaker. Her samarbeidar han med Lykke Li. Kleerup spelar live på kontraskjæret under Oslo Live.

 8. The Ting Tings – Shut Up And Let Me Go (Acoustic) (2:47): Dette er den akustiske versjonen av The Ting Tings sin catchy og peppy låt «Shut up and let me go». Men kassegitar og stødig rytme gjev denne versjonen låten ein heilt ny dimensjon. Eit av årets Hoveband.

 9. Deerhoof – The Perfect Me (2:44): Deerhoof er ein interessant mix mellom sukkersøt, naiv pop og lettare dissonerande harmoniar. I tilleg til dette har dei ei unik rytmisk framdrift. Dette USA/Japanske bandet spelar på årets Roskildefestival.

 10.  Tori Amos – Maybe California (4:27): Amerikansk pianist og singer-songwriter. Om nokre månadar gjestar ho Oslo.

 11.  Marnie Stern – Don’t Stop Believin’ (3:44): Nok ein låt frå den tappande gitarvirtuosen Marnie Stern. «Don’t Stop Believin’» er ein Journey cover ho har gjort til sin eigen. Opplev ho live på Mono i august!

 12.  Lucy Love – No V.I.P (3:47): Syntetiske lydspor med stødig rap frå danske Lucy Love. Eit namn verdt å merke seg på årets roskildefestival.

 13.  Hockey – Too Fake (4:14): Hockey er ein superkul indierock-hype som sannsynlegvis kjem til å vere på alles lepper ei stund framover. Kan eigentleg minne ganske masse om LCD Soundsystem, men med beina litt meir planta i rockeland.

 14.  Fever Ray – When I Grow Up (4:34): Fever Ray er Karin Dreijer sitt soloprosjekt. Ho er aktuel på ei rekke festivalar i sommar, deriblandt Øya.

 15.  Grace Jones – Nightclubing (5:07): Steintøffe Grace Jones har rukke å bli eit ikon i si eiga samtid. Ein fin miks av soul, funk, reggae og rock. Spelar på årets roskildefestival.

 16.  Bonustrack: The Big Pink – Velvet [Gang Gang Dance Mix] (6:51): Både The Big Pink og Gang Gang Dance skal spele på årets Øyafestival. Denne låten er oppvarming for deg som allereie har billett, og oppfordring til deg som ikkje har kjøpt endå.