Playlist Januar -10

  1. Dylan MacKay – Harrys Gym feat. I Was a King (3:46): Dette er ein coverlåt Harrys Gym og I Was a King har laga av den kjende Hiawata låten «Dylan MacKay». For dei som ikkje hugsar det, kan det også nemnast at Dylan MacKay var ein av rollene i den populære TV-serien Beverly Hills 90210.
  2. Stopp (Keione Remix) – Veronica Maggio (3:36): Svenske Veronica Maggio har fått mykje merksemd for skiva si «Och vinnaren är». Dette er ein remix av hitten «Stopp».
  3. Privat Regn – Kråkesølv (3:05):Indiekvartetten Kråkesølv har fått mykje merksemd for debutplata si «Trådnøsting» mykje grunna at dei syng på bodødialekt. I tillegg til dialekt og flotte tekstar er dette også eit nemneverdig album musikalsk sett.
  4. Knotty Pine – David Byrne & Dirty Projectors (2:23):Kanskje ein av fjorårets mest episke låtar? Uansett, siste sjanse til å playliste den. «Knotty Pine» er henta frå compilationskiva «Dark Was The Night» og er eit upåklageleg samarbeid mellom nye og gamle indieheltar.
  5. Crush (And Naivety) – Like Spinning (2:53):Eit av dei relativt nye namna som utmerka seg på Spoon Train Audio si compilation skive «Oslo 2», er Like Spinning. Ho vil også truleg vere godt synleg på Osloscena framover.
  6. Audience – Cold War Kids (3:02): Denne låten er henta frå den nyaste CWK EP’en «Behave Yourself». Californiabandet fornektar seg ikkje med fengande soul og bluesinspirert indierock.
  7. Nut In Your Eye – Alcoholic Faith Mission (3:44):Dei melankolske danskane i Alcoholic Fait Mission er aktuelle med skiva «421 Wythe Avenue». Gruppa er basert i Brooklyn, og den etterkvart særs etablerte Brooklynindiesounden har djupe røter i bandet sitt uttrykk.
  8. Rolling Truck – Hombre Malo (2:52): Den hardcoreinspirerte oslokvartetten Hombre Malo kickar trommehinnene med låten «Rolling Truck». Denne låten er henta frå skiva «The Ecstasy of Devastation».
  9. Try Sleeping With a Broken Heart – Alicia Keys (4:09):Alicia Keys er januarlista sitt popalibi. Bak den catchy fasaden er denne låten prega av intens hjartesmerte.
  10. The Calcination of Scout Niblett – Scout Niblett (3:32): Den minimalistiske artisten Scout Niblett er aktuell med den blodferske skiva «The Calcination of Scout Niblett» på Drag City. Denne låten er tittelspor på den nye skiva.
  11. What Have You Done? – Naomi Shelton & the Gospel Queens (3:29): Denne låten er ein av dei mange høgdepunkta på samleskiva «Daptone Gold» sluppe av plateselskapet Daptone Records.
  12. Ambling Alp – Yeasayer (4:00):Yeasayer er endeleg aktuell med den nye og etterlengta skiva «Odd Blood». «Ambling Alp» er fyrste singel derifrå.
  13. Our Love – Razika (2:08): By:larm nærmar seg med stormsteg, og eit av dei mange kule banda på årets liste er bergensbandet Razika. Denne gjengen kickar som vanleg bra med sin skainspirerte indiesound.
  14. Ayisha Abyss –Serena Maneesh (6:04):Etter så altfor mange års ventetid nærmar endeleg utgjevinga av Serena Maneesh si andre skive seg. Medan verda ventar på nåler til sleppdatoen 8. mars, har denne smakebiten sirkulert nettet.
  15. A Story that Shouldn’t be Told – Rakija Band (5:02):Norsk-Serbisk orkester som spelar live under by:larm. Ein sikker humørspreder.
  1. Hell – Tegan and Sara (3:24):Den Canadiske indieduoen Tegan and Sara køyrer sin eigen stil, og det likar vi her på radiOrakel. Denne låten er henta frå den nyaste skiva deira, «Sainthood».
  2. Cold Waters – Monzano (4:20): Monzano er nok eit eksempel på dei mange lovande banda i byen vår. Dette har sjølvsagt også Spoon Train Audio merka seg, så denne låten er også med på «Oslo 2».
  3. Horchata – Vampire Weekend (3:28):Vampire Weekend er endelig klare med den nye skiva si «Contra». «Horchata» er fyrste smakebit derifrå.
  4. Acid Blues – The Megaphonic Thrift (2:38): Bergensbandet The Megaphonic Thrift blandar fine melodiar med deilig støy. Dei er eit av mange by:larm band som kan anbefalast å sjekke ut live.
  5. The Girl and the Robot – Röyksopp feat. Robyn (4:29):Vi kastar oss på worshipbølgja, og lar «The Girl and the Robot» dundre ut av rOr sine høgtalarar. Superfengande låt frå skiva «Junior».
  6. July Flame – Laura Veirs (3:46):Den sjuande skiva til låtskrivaren Laura Veirs blir sluppe i januar. «July Flame» er det vakre tittelsporet frå denne.
  7. Mowgli’s Road (Russ chimes Remix) – Marina and the Diamonds (5:09):Dette er ein remix av den coole Marina and the Diamonds låten «Mowgli’s Road». Litt meir dansbar, men framleis like rå.
  8. Hurricane – Asha Ali (3:46): Den svensk-etiopiske artisten Asha Ali har fått mykje omtale på andreskiva si «Hurricane». No er ho også mogleg å sjekke ut live på årets by:larm.
  9. Luck – Kathinka (3:43):Kathinka er eit bergensbasert band med medlemmar frå andre store norske band. I sounden deira finn ein hint av både shoegaze, postpunk og indierock. Også desse er aktuelle for by:larm.
  10. Moth’s Wings – Passion Pit (4:16):Eit nytt år betyr tid for tilbakeblikk. Då fell det seg også naturleg å trekke fram denne låten og dette bandet som på mystisk vis har unsluppe playlista til radiOrakel tidlegare.
  11. Carrion – Manhattan Skyline (1:31):Det hardtslåande hardcorebandet Manhattan Skyline er ekte radiOrakelvenar. Denne låten er henta frå skiva «Curses».
  12. Up All Night – French Horn Rebellion (3:28):Deilig dansemusikk frå Kitsunè Maison sin compilation vol 8. Må alltid ha ein låt for å markere at det er helg!
  13. Ikke Gå – Valkyrien Allstars (3:29):Det fantastiske hardingfelebandet Valkyrien Allstars gav ut ny skive for nokre månadar sidan. Vi i rOr er sjølvsagt framleis ikkje lei, og smell difor til med nok ein låt.
  14. Sex & Loneliness – Little Hands of Asphalt (2:37):Det norske indieprosjektet Little Hands of Asphalt har helde på ei stund, men om du framleis ikkje har gjort deg kjend med musikken kan du sjå det live på by:larm.
  15. Chef, Chef, Chef – VOM (3:20):Interne rykter på radiOrakel vil ha det til at VOM er klar med ny skive. Då er det sjølvsagt også på plass med litt speling.