Playlist september -09

Terry Poison – 24 Hours:
Elektropopband frå Oslo/Paris/Tel Aviv. Dei er kjent for sitt karismatiske og eksplosive liveshow. Debutskiva deira er ute no.

Blood Command – Red Ruin:
Nok ein låt av det kulaste bandet frå Bergen. Energisk post-hardcore trio med bein i nasen. Skiva deira «5 Inches Of A Car Crash» finnast på Tiger.

Speech Debelle – The Key:
Organisk, old school hip hop frå UK. Speech Debelle er protegèen til Roots Manuva. Ein må elske hip hop beats med klarinett.

The New Blood – Methods Of Survival:

Tilbakelent New wave/punk med fiolin. The New Blood er eit av dei kule banda på Kill Rock stars, lablet til mellom anna Gossip og Bikini Kill.

Children And Corpse Playing In The Street – Let’s Dance But Feel Me Up And Die:

Er det mogleg å finne eit lengre bandnamn? Såklart totaly indie, men den poppa og fengande varianten. Er ute med skive i desse dagar.

Comet Gain – Footstompers:
Generisk Britisk indierockband frå 90-talet. Eit gledeleg gjennsyn med ekte, skitten indie, slik det var meininga det skulle låte.

The Antlers – Bear:
Eit av dei utalege indie/støybanda som har poppa opp frå Brooklyn dette året. Brooklynbølgja har herved skifta namn til Brooklyntsunamien, men Bear er absolutt ei låt som er verdt å få med seg.

The Assasinators – Verden I Brand:

The Assasinators er dansk punk-hardcore frå ungdomshusmiljøet i Køben. Tekstar på dansk er dejlig.

Sonic Youth – Sacred Trickster:
Endeleg er den nye og etterlengta skiva til Sonic Youth tilgjengeleg. Sacred Trickster er ein smakebit frå denne, og bandet innfrir som vanleg forventingane.

Norma Sass – June: Up and coming Osloband med mange konsertar på samvittigheita. June er ein fengande poplåt med ein kreativ vri.

The Black Sheeps – Edwin:
The Black Sheeps vann MGP jr. I fjor og hadde knallsuksess med låta Oro Jaska Beana. No er dei tilbake med låta om Edwin som «Wanted to be a girl».

Ingrid Michaelson – All Love:
New York basert singer/songwriter med særprega stemme. All love er ein roleg og stemningsfull låt.

The Dead Weather – Treat Me Like Your Mother:

Eit av dei mange prosjekta til Jack White. Skitten og hard bluesinspirert rock. Debutskiva kom for ei lita stund sida.

Mùm – Ladies Of The New Century:
Eksperimentel Islandsk elektronika med mjuk vokal drøymande fraseringar. Bandet har nyleg gitt ut nytt album.

Lengualerta – Reverdenciendo (Feat. Zion Train):

Eit heitt stalltips frå bakrommets Reggaespesialist Helgar. Kven kan mislike blåserekke.

BONUS TRACK: Life…But How To Live It – Green:
Blitz og radiOrakel har opningsfestivalen sin i september. Det er ei glimrande anledning til å playliste eit av dei legendarisk bra banda som har oppstått rundt Blitz.

Simian Mobile Disco – Cruel Intentions (With Beth Ditto):
Genistempla britisk elektronika. På den nye skiva si har dei med eit godt knippe gjestevokalistar, som til dømes Beth Ditto på denne låten. Superkul låt!

Erase Errata – He Wants What’s Mine:
Skittent pønkband frå Riot Girrrl lablet Kill Rock stars. He Wants What’s Mine er ein kort men slåande låt.

First Floor Power – The Jacket:
Bandet til Sara Wilson, systera til Jenny Wilson. Det har vel aldri vore nokon tvil om at våre svenske naboar kan god popmusikk.

The Tiny Masters Of Today – Hey Mr. Dj (CSS Remix):
Eit fresht punkband frå Brooklyn beståande av Ada(13) og Ivan(15). På denne låten er dei remixa av CSS, noko som gjer låten ganske ugjennkjennleg men framleis like feit.

Delorean – Moonsoon:
Delorean har nettopp give ut Ep`en Ayrton Senna. Moonsoon er ein catchy elektropoplåt med drøymande element trass i sin rastlause karakter.

Rye Rye & DJ Blaqstarr– Shake It To The Ground (Swich/Santigold mix):

Clubrapperen Rye Rye frå Baltimore blanda med stjernedj og krydra med kule folk.

Valkyrien Allstars – Sommernatts Drøm:
I tillegg til å nettopp ha give ut ny skive skal også Valkyrien Allstars spele på opningsfestivalen til radiOrakel. Som vanleg er den kule hardingfelesounden på plass.

KyotE – New Day:
KyotE er nett ferdig med debutskiva si frå iskremboden. Ho har release 11 september, og her er ein nydeleg smakebit på kva vi har i vente.

Regina Spektor – The Calculation:
Amerikansk singer/songwriter og pianist. Alltid plass til ei kvinne med cred på radiOrakels playlist.

REDD – War:
Eit av dei desidert mest spennande hardcore banda frå undergrunn-oslo om dagen. Brutalt band med overraskande rå Kristi Faye-Lund på vokal.

Yatch – The Afterlife:
Kreativ elektronika frå Jona Bechtolt. No har han også danna team med coole Khaela Maricich frå The Blow.

Susanna And The Magical Orchestra – Another Day:
Norsk duo med element frå elektronika, pop og jazz. Har nett give ut skiva 3. Denne låten er ein cover av Roy Harper.

Final Trenody – Massa Carniss:
Brutal og teatralsk hardcore frå Oslo. RadiOrakels eigne Fredrik spelar i dette bandet. Opplev dei live på opningsfestivalen.

Sally Shapiro – Love In July:
Svensk sanger inspirert av eurobeat og italo disco.

La Petite Jessica – Lady Suzana:
Jessica frå Congo har budd i Noreg i 15 år. Ho har nettopp gitt ut skiva Don’t Bleed Congo som er hennar biddrag til fredsprosessen.

BONUS TRACK: Ida Maria – Oh My God (With Iggy Pop):
Ida Maria har nett gitt ot singelen Oh My God på nytt. Denne gongen med Iggy Pop på gjestevokal.