Playlist august -09

1. Razika – Love is all about the timing:

Kva gjorde du då du var 15 år? Eg likte å henge utanfor kiosken. Jentene frå Razika derimot starta Bergens desidert feitaste undergrunnsband. Nokre år er gått, men ein må framleis bøye seg i støvet for Razika sin ska og new-wave inspirerte skrangleindie. Øya it is.

Florence + The Machine- Kiss With A Fist :

Namnet som er på alle sine lepper.Trykt til brystet av mang ein surmaga kritikar.Florence spelar fengande indiepop med soulinspirert vokal.
Eit heitt Øyatips.

3. Crystal Castles – Alice Practice:

Torontoduoen Alice Glass og Ethan Kath leverte eit av fjordårets feitaste elektronika album.Denne populære clubfavoritten skal endeleg besøke Oslo på Øyafestivalen.Om du endå ikkje har blitt kjend med dette bandet er det på tide å få ut fingeren.

4. Hello saferide – I Wonder Who is like this one :

Ein av dei kule svenskane som radiOrakel er så glad i.No får vi endeleg oppleve Annika Norlins Hello Saferide prosjekt på Øyafestivalen.

5. Sigh & Explode – The Van Gogh Sky Shrinks The City…:

Eit av Noregs mest energiske live band.Kritikerrost, svett post-hardcore frå bandets debutskive, These seem like tarantulas.
Om du likar scream og støy bør du ikkje gå glipp av dei på Øya.

6. Center of the Universe & Boutros Boutros Boutros – This Love Will Last Forever:

Eit av banda til radiOrakels kjære Jørgen Sissyfus.
Med balkaninspirert tonalitet og ein intelegent fusjon mellom elektroniske og akustiske element har COU utvikla eit særeigent og gjennkjenneleg lydbilete.
Ikkje gå glipp av dei på Øya.

7. Blood Command -Party All The Way To The Hospital:
Bergensbølgja kan tydlegvis også levere punk og hardcore inspirert musikk. I tillegg til den energiske musikken, er dette den råaste vokalen på lenge.
8. Anne Lene Hägglund – Humming Top:
Ein luftig poplåt med jazzreferansar. Anne Lene Hägglund har av mange vorte omtala som sirkuspop, og ein finn faktisk ein del frekke taktartskifter og harmoniar her og der. Opplev ho live på Øya.
9. Crystal Stilts – The Dazzled :
Med eit skittent og minimalistisk lydbilete føyer Crystal Stilts seg elegant til indierock bølgja frå NYC som stadig skyller over oss. Om ein ser over Øyaprogrammet kan det verke som at Crystal er det nye Dis.
10. Mapei – Public Enemy (3:02):
I følgje Mapei er Music hennar drug, og Wikipedia hennar media. Det er likevel ikkje mykje å finne på internett om denne Svenske artisten. Superkul Clubrap uansett.
11. Firefly Effect – Never By Your Side: Bittersøt solskinnspop utan ei einaste sky i sikte. Fireflt Effect er eit av noregs store indiehåp etter ein vellukka albumdebut tidlegare i år.
12. Frida Hyvönen – Fall Is My Lover: Svenske Frida syng om årstidene akkompagnert av strykarar og koristar. Sjekk ho ut på Øya, og nyt hausten.
13. Mari Persen – Criminal:
Mari Persen likar i følgje ho sjølv å lage moderne beats med sangbare melodiar, gjerne innpakka i romantiske strykearrangement. Urørt favoritten slepp plate 28 september.
14. Beirut – Postcards from Italy: Sjølv om sommaren nermar seg slutten med faretruande raske skritt, kan ein lukke augene, sette på denne låten og drøyme seg attende til varm vind på nakne bein. Kanskje kjem sommaren til middelalderparken. Det gjer iallefall Beirut.
15. Sunset Rubdown – You Go On Ahead (Trumpet. Trumpet II): Sunset Rubdown er eit indieband frå Montreal. Det var i utgangspunktet soloprosjektet til Spencer Krueg, men etterkvart kom fleire medlemmar til. Skiva deira Dragonslayer kom ut i slutten av juni.