Playlist Februar – 10

 

  1. Mouthful of Diamonds – Phantogram (4:13):

    Alternativ New York indieduo beståande av Sarah Barthel og Josh Carter. Phantogtram har mykje å by på for deg som likar lett pop blanda med kompekse lydbileter.

  2. Home – Edward Sharpe & The Magnetic Zeros (5:06):

    Home er ein glad indiepoplåt samansatt av mellom anna plystring og skranglete perkusjonsinstrument. Bandet bak denne låten består av heile 12 personar!

  3. Faces – Yeah Yeah Yeahs (3:33):

    Denne låten er eit bonus track frå den populære Yeah Yeah Yeahs skiva, «It’s Blitz». Deilig soun ein aldri får nok av!

  4. Jail La La – Dum Dum Girls (2:31):

    Glad garageprega, tregreps rock frå L.A. Hjerna bak Dum Dum Girls kallar seg for Dee Dee, og saman med gode vener og hjelparar er ho signa på lablet Sub Pop.

  5. Change of Heart – El Perro Del Mar (5:08):

    Elegant lo-fi pop frå gøteborgartisten Sarah Assbring, eller El Perro Del Mar. Denne låten er henta frå skiva «Love is Not Pop» som kom ut i 2009.

  6. I Must Allow – Siv Sperati, Science & Sphères (2:40):

    Oslolablet Metronomicon Audio runda nyleg 40 utgjevingar, og feira som vanleg det runde talet med ein deilig compilation. «I Must Allow» er ein av låtane henta frå Metronomicon sin «4.0».

  7. Psychopedia – Pony the Pirate (2:52):

    Etter at Pony the Pirate vann urørtfinalen 2009 fekk dei turnere land og strand. No har dei endeleg også sluppe sitt debutalbum, og «Psychopedia» er tittelsporet derifrå.

  8. Emblem of The World – Dirty Projectors (4:02):

    Denne dynamiske låten i kjent Dirty Projectors stil, er henta frå Epen «Temecula Sunrise». Minimalisme, flotte koringar og ei ekspressiv melodilinje er nokre av faktorane som gjer denne låten unik.

  9. Take Care – Beach House (5:49):

    «Teen Dream», den tredje fullengdaren til drøymepopduoen Beach House vart sluppen 26 januar. Ein av låtane frå denne skiva er «Take Care».

  10.  In the Sun – She & Him (2:51):

    «In the Sun» er fyrste smakebit frå indieduoen She & Him si komande skive «Volume Two». Releasedato for denne skiva er 23 mars.

  11.  I Just Want To See Your Face – Serena-Maneesh (2:59):

    Ein av dei store snakkisane før årets by:larm, Serena-Maneesh, er også snart ute med ny etterlengta skive. Etter «I Just Want To See Your Face» å døme, kan vi glede oss til meir industriell støy.

  12.  And Now – jj (2:55):

    Mystiske, svenske jj har fått mykje ros for sine tidlegare album. No har også smakebitar frå det komande albumet dukka opp på internett. «And Now» er eit sterkt track for deg som ikkje greier å vente.

  13.  Baby Can’t Stop – Lindstrøm & Christabelle (6:11):

    Denne superfunky elektronikalåten er henta frå det nyaste albumet til Lindstrøm, her i samarbeid med Cristabelle, «Real Life is No Cool».

  14.  `81 – Joanna Newsom (3:52):

    «’81» er ein ny låt frå den talentfulle låtskrivaren Joanna Newsom. Ein naken, minimalistisk og stemningsfull låt.

  15.  Girls FM – Happy Birthday (3:00):

    I’m always on the same frequency, Girls FM, Girls FM… Det verkar ganske opplagt på meg at Happy Birthday har laga denne låten spesielt til radiOrakel.

 

  1. Comme Ci Comme Ca (Twelves Remix) – Terry Poison (4:21):

    Denne låten er ein remix av det supercatchy elektronikabandet Terry Poison. Den nye funky innpakninga gjer absolutt ikkje skam på originalen.

  2. Sailor Song – First Aid Kit (2:44):

    Den talentfulle svenske gruppa First Aid Kit har endeleg sluppe sin fyrste fullengder, «Big Black and Blue». Med denne skiva beviser duoen at dei er langt meir enn ein hype.

  3. 4.0 – S.l.y.c (4:45):

    Nok ein låt frå fantastiske Metronomicon Audio sin compilation. Dette er også tittelsporet på skiva.

  4. Leaving Jack Wolfskin – Amish 82 (3:55):

    26. januar kom samleplata «Trondheim Calling» ut på MBN/Universial. Denne skiva er spekka med dei mest lovande bandene frå trønderbyen, og elektropop-prosjektet Amish 82 er ein av bidragsytarane.

  5. More White Snow – Anne Lene Hägglund (4:06):

    Med klokkeklar stemme, fyldige orkesterarrangement og skranglete indieelement skiller Anne Lene Hägglund seg frå andre artistar med si ferske skive «Bird Cherry Grove».

  6. Mcs Can Kiss – Uffie (3:09):

    Den amerikanske, parisbaserte elektrobeatartisten Uffie er alltid ein slager i festlege samanhengar. Denne låten er tittelspor frå den nye Epen hennar.

  7. Heaven Can Wait – Charlotte Gainsbourg (2:41):

    Den franske songaren og skodespelarinna Charlotte Gainsbourg er framleis aktuell med albumet «IRM». «Heaven Can Wait» er ein gladlåt derifrå.

  8. Numbers Don’t Lie – The Mynabirds (3:32):

    Nytt deilig track frå The Mynabirds som har eit noko nostalgisk preg over seg med sine freshe koringar og stilistiske verkemiddel. På ei anna side er låten også godt plassert i samtidas indiesound.

  9. Waves – Holly Miranda (5:05):

    Fersk låt frå Brooklynsangaren Holly Miranda. «Waves» er henta frå hennar komande album «The Magician’s Private Library», som er produsert av Dave Sitek frå Tv On The Radio.

  10.  A/B Machines – Sleigh Bells (3:38):

    Den bråkete New York duoen Sleigh Bells, beståande av Derek Miller og Alexiss Krauss, er eit viktig namn å merke seg i år. Eit av dei få banda om dagen som verkeleg fortjener all hype dei kan få.

  11.  Remember – Lali Puna (3:44):

    Det er heile seks år sidan sist Lali Puna gav ut skive. Sidan då har det vore meir eller mindre stille frå den kanten. No er dei endeleg klar med nytt materiale, og skiva «Our Inventions» kjem ut i april.

  12.  The Brothel – Susanne Sundfør (6:18):

    Susanne Sundfør vart kjend over natta under by:larm 2007. No, tre år etter, er ho straks klar med si andre skive. Den fyrste smakebiten frå «The Brothel» er både ambisiøs og pompøs, men den er også ein einaste lang styrkedemonstrasjon når det kjem til låtskriving, arrangering og stemmebruk. Fantastisk!

  13.  Dear God, I Hate Myself – Xiu Xiu (3:08):

    Det eksperimentelle artrockbandet Xiu Xiu er klar med si nye skive «Dear God I Hate Myself». Her er tittelsport frå den nye skiva, som er nummer sju i rekka av utgjevingar.

  14.  Last Weekend – The Tiny (4:23):

    Deilig folkpop frå svenske The Tiny

  15.  Starry Eyes (Russ Chimes Remix) – Ellie Goulding (5:11):

    Ellie Goulding i ny og yttarst dansbar innpakning. RadiOrakel sin helgelåt.