Playlist desember – 09

 

  1. Florence + the Machine – You’ve Got the Love (2:49):Florence + the Machine er som vanleg uforskamma fengande. Denne låten er henta frå albumet «Lungs» som kom ut i Juli 2009.
  2. M.E.N – Make It Reverse (3:20):Denne låten er henta frå Kitsunè Maison Compilation nr. 7. Duoen M.E.N består av JD Sampson og Johanna Fateman, som spelar catchy elektronika.
  3. Ebony Bones! – The Muzik (3:58):Sounden til Ebony Bones er inspirert av hip hop og elektronika. Denne kule låten er henta frå skiva «Bone Of My Bones».
  4. The Ettes – Blood Red Blood (2:16)Riot-girrrl inspirert rock med bein i nasa frå den nyaste skiva til The Ettes.
  5. St. Vincent – Marrow (3:24)Vakker låtskriving med integritet og overraskingar. Marrow er henta frå skiva «Actor».
  6. CCTV – We Belong (3:50)CCTV er absolutt eit norsk namn å merke seg denne vinteren. Dei ligg nemleg på lista over årets urørtfinalistar som kjempar om flest stemmer og mest popularitet.
  7. Vivian Girls – You’re My Guy (1:54)Denne låten er henta frå skiva «Everything Goes Wrong». Vivian Girls spelar støyinspirert punk-rock.
  8. Late Night Alumni – You Can Be the One (3:13)Rykande fersk låt frå dance artisten Late Night Alumni. «You Can Be The One» er henta frå EPen med same namn.
  9. Beach House – Norway (4:03)Som ein smakebit på den komande skiva si har drøymepopbandet Beach House nyleg sluppe singelen «Norway».
  10.  Now We’ve Got Members – Continuation (5:06)Eit av dei mange banda til radiOrakels eigne Jørgen. Denne låten er henta frå den ferske skiva «Repulsive Force».
  11.  Surfer Blood – Swim (To Reach The End) (3:19)Drøym om sommar og surf med fengande indiepop frå Surfer Blood.
  12.  Eskatol – Hellig system (3:06)Det hardtslåande Oslobandet Eskatol har nett sluppe andreskiva si «Blodørn». RadiOrakels eigne Fredrik kickar på trommer.
  13.  God-Des & She – Drum Circle (2:48)Hip-hop gruppa God-Des & She har nett give ut skiva «Three». Herifrå har vi henta den perkussive og feite låten Drum Cirkle.
  14.  Hot Chip – One Life Stand (5:21)Fersk og etterlengta single frå det dansbare elektrobandet Hot Chip. Vi gler oss til skiva kjem!
  15.  MOI – After you, Sir (4:08)Endå ein urørtfinalist. MOI er ein singer/songwriter med mange overaskelsar i ermet.

 

  1. Best Coast – When I’m With You (2:57)Ny låt frå gladbandet Best Coast. «When I’m with you» har fått gode kritikkar på både pitchfork og stereogum.
  2. Paloma Faith – New York (3:39)RadiOrakel slenger seg på den skamlause popbølga og ynskjer Paloma Faith inn i varmen. New York er ein låt som raskt festar seg på hjerna.
  3. You Love Her Coz She’s Dead– Superheroes (2:45)Bråkete elektronika frå You Love Her Coz Shes Dead. Også dette bandet er henta frå ein av compilationskivene til elektronika-lablet, Kitsunè.
  4. Norah Jones – Chasing Pirates (Santigold & Snotty Remix) (2:42)Feit remix laga av Santigold og Snotty. Norah Jones har aldri vore kulare så you gotta love them.
  5. Casa Murilo – Murilo I Love You (2:54)Spoon Train Audio har nyleg sluppe samleplata Oslo 2, og ein av biddragsytarane her er Casa Murilo. Om du er interessert i kul Osloindie er dette absolutt ei skive å skaffe seg.
  6. Sharon Jones & The Dap-Kings – How Long Do I Have To Wait (4:05)Daptone Records har nett sluppe samleskiva Daptone Gold. Ein av dei sjølvskrivne biddragsytarane her er Sharon Jones & The Dap-Kings. Deilig autentisk soul.
  7. Kap Bambino – Batcaves (4:05)Den franske elektronikaduoen Kap Bambino er kjent for eit forrykande sceneshow. Denne låten er henta frå skiva «Blacklist».
  8. Erik Hassle & Ellie Goulding – Be Mine (Robyn Cover) (2:44)Ein populær Robynlåt i ny drakt. Herleg akustisk popmusikk med nydleg melodi og vokal.
  9. Wetdog – Tidy Up Your Bedroom (2:11)30 november slapp Wetdog skiva «Frauhaus!». Frå denne skiva kjem det kritikerrosa sporet «Tidy Up Your Bedroom». Skitten punkrock!
  10.  Jolie Chèrie – Star (3:36)Fengande fransk elektronika frå Jolie Chèrie. Eit namn å vere oppmerksom på for deg som likar å danse.
  11.  Fannypack – Cameltoe (Old School Remix) (3:45)New York basert hip hop/elektrogruppe med frekke tekstar. Her er den gamle slageren «Cameltoe».
  12.  Therese Aune – Chameleon (4:12)Nok ein låt frå samleskiva Oslo 2. Chameleon er ein stemningsful låt med vakker vokal og spennande detaljar.
  13.  Ted Leo & The Pharmacists – Last Days (Ruff Mix) (3:46)Amerikansk indierockband med den kule nye låten «Last Days» klar for nedlasting på Stereogum.
  14.  The Temper Trap – Sweet Disposition (3:54)Australsk gladindie frå The Temper Trap. Låta «Sweet Disposition» er henta frå debutskiva «Conditions».
  15.  Soap&Skin – Thanatos (2:35)Eksperimentelt prosjekt frå den Austerrikske artisten Anja Plaschg. Vakker pianobasert låtskriving.