Playlist – April 10

 

  1. Botten Är Nådd – Masshysteri (2:54):

    Deilig svensk pønk, tidlegare kjent som Vicious. Bandet har no lagt om til fleirstemt song på morsmålet, og er ellers aktuelle med skiva «Masshysteri».

  2. Tightrope (feat. Big Boi) – Janelle Monàe (4:49):

    Fengande og funky soul frå Janelle Monàe. Denne låten er henta frå albumet «The ArchAndroid» som kjem ut 18 mai.

  3. Bloodbuzz Ohio – The National (4:36):

    Kritikerrosa Brooklynindie som endeleg er klar med oppfølgaren til ei av 2007 sine beste album, «The Boxer». «Bloodbuzz Ohio» er fyrste singel frå albumet «High Violet» som kjem ut i mai.

  4. It’s All Gone Tomorrow – Susanne Sundfør (6:07):

    Susanne Sundfør har fått meir eller mindre genistatus etter at ho slapp si andre skive «The Brothel» nyleg. Dette er ikkje utan grunn, og den fantastiske produksjonen på «It’s All Gone Tomorrow» burde snakke for seg sjølv.

  5. Death (Crystal Castles Remix) – White Lies (4:47):

    For dei som ventar, er heldigvis den nye Crystal Castles skiva rett rundt hjørnet. Denne remixen av White Lies sin «Death» gjer imidlertid ventetida lettare.

  6. Duke of Anxiety – Scout Niblett (2:15):

    Scout Niblett er ein Britisk singer/songwriter med minimalistisk stil og høg intensitet. Ho har nett sluppe sitt 6. album, «The Calcination of Scout Niblett».

  7. Stay Close – Delorean (4:32):

    Etter den suksessfulle EP’en «Ayrton Senna» er Barcelonabandet Delorean no klar med oppfølgingsalbumet «Subiza» på True Panther.

  8. The Blues ft. Nina Persson – Primary 1 (6:20):

    Den Britiske syntpop produsenten Joe Flory, jobbar for tida med solodebuten sin. Dette samarbeidet med Nina Persson kan kanskje gi ein peikepinn på kva vi har i vente.

  9. Heaven And Earth – Blitzen Trapper (3:44):

    Blitzen Trapper er eit eksperimentelt rockband frå Portland, Oregon. «Heaven And Earth» er henta frå skiva «Destroyer of the Void» som kjem ut i juni.

  10.  High Together – Siriusmo (3:48):

    Siriusmo er suggerande elektronika frå Tyskland. Medlem av den fantastiske Kitsunè familien.

  11.  Grand Opening – Elephant Parade (3:16):

    Elephant Parade er ein lo-fi indiepop duo frå Brooklyn. «Grand Opening» er fyrste singelen frå den andre skiva deira, «Home».

  12.  World Sick – Broken Social Scene (6:48):

    Det Canadiske indierockbandet/musikkollektivet, Broken Social Scene slepp sitt fjerde album «Forgiveness Rock Reckord» i mai. Låten «World Sick» er fyrste smakebit.

  13.  Odessa (Nite Jewel Remix) – Caribou (5:17):

    Nite Jewel Remix av Canadiske Caribou sin låt «Odessa». Låten er henta frå det nye albumet «Swim» som vart sluppe nyleg.

  14.  Evelyn Evelyn – Evelyn Evelyn (4:36):

    Evelyn Evelyn er ein fiktiv duo beståande av dei siamesiske tvillingane Evelyn og Evelyn. Sidan duoen vart «oppdaga» av Amanda Palmer og Jason Webley, er musikken ikkje uventa cabaretprega.

  15.  F Off (feat. Ane Brun) – Elin Ruth Sigvardsson (3:53):

    Elin Ruth Sigvardsson er ein svensk pop, singer/songwriter. På denne låten, som er henta frå den nye skiva hennar, samarbeidar ho med Ane Brun.

 

  1. Repobate! – Serena-Maneesh (3:39):

    Nok ein låt frå den nye skiva, «SM2- Abyss in B minor». Gjestevokal på denne låten er Elvira Nikolaisen.

  2. Fembot – Robyn (3:37):

    Det er ei stund sidan svenske Robyn har gitt ut noko solomateriale, men no er ho i arbeidsfasen med ikkje mindre enn tre fullengdarar. Låten «Fembot» er fyrste singel frå skive nr. 1.

  3. Drunk Girls – LCD Soundsystem (3:43):

    Endeleg er LCD Soundsystem sitt tredje album «This Is Happening» klart. «Drunk Girls» er ein supercatchy låt som lovar bra for resten av albumet.

  4. Is This Your Life? – Pelbo (4:13):

    Det er ikkje lenge sidan fusiontrioen Pelbo slapp debutskiva si. Den kule sounden deira går heller ikkje ut på dato.

  5. Crash Years – The New Pornographers (4:07):

    Canadisk indiepopband med blandt anna Neko Case på vokal. «Crash Years» er henta frå den nye skiva deira «Together» som kjem ut i mai.

  6. Lemonade – CocoRosie (5:14):

    CocoRosie sitt fjerde studioalbum «Grey Oceans» på lablet Sub Pop, står endeleg for døra. For dei som har sakna den skeive og sære miksen av elektronoka, pop, folk, blues osv er «Lemonade» ein etterlengta opptur.

  7. Drømmeland – Knuste Ruter (2:12):

    Knuste Ruter spelar in your face pønk med mykje fart, sinne og attitude. Den nye skiva deira «Gjennom Veggene» er å finne på Tiger. Lyden av ekte undergrunn.

  8. Alligator (Toro Y Moi Remix) – Tegan & Sara (4:11):

    Den Canadiske indiepopduoen Tegan & Sara har nyleg gitt ut ei samling av remixar av låten «Alligator» frå den nyaste skiva «Sainthood». Dette eit av bidraga frå remixsamlinga.

  9. Flash Delerium – MGMT (4:16):

    Brooklynduoen MGMT hausta enorm suksess for skiva «Oracular Spectacular» for eit par års tid sidan. No er dei tilbake med oppfølgaren «Congratulations», og «Flash Delerium» er fyrste singel ut.

  10.  I Will Be – Dum Dum Girls (2:07):

    Tittelsporet på Dum Dum Girls si ferske debutskive.

  11.  Hip Hop Changed Ft. Rye Rye – Crookers (4:37):

    Crookers er ein Italiensk dj/produksjonsduo. Her er dei i samarbeid med ein av hip hopens feitaste stemmer, Rye Rye.

  12.  Your Body is a Machine – The Good Natured (3:26):

    The Good Natured er aliaset til londonbaserte Sarah McIntosh. Ho har blitt samanligna ein del med Ellie Goulding, kanskje ikkje heilt utan grunn, men The Good Natured har også eit meir organisk preg.

  13.  When I Go – The Slow Club (3:07):

    The Slow Club er ein folkrockduo frå England. «When I Go» er henta frå debutskiva deira «Yeah So».

  14.  Don’t go Looking for my Heart – Death By Unga Bunga (2:03):

    Herleg, fartsfylt rock frå Moss. Har allerede fått mykje skryt på den norske musikkscena, og meir kjem det sannsynlegvis også til å bli.

  15.  Out of Our Minds – Melissa Auf der Maur (4:32):

    Tittelspor frå Melissa Auf der Maur sitt nye konseptalbum. Bør nytast komplett som ein fullstendig multimedia opplevelse.